Hytte 1
Vår største hytte – god plass til familien eller vennegjengen. Fullt utstyrt kjøkken, stove med TV og internett, og terrasse med utemøblar.
Pris på førespurnad
Sjå hyttaOvernatting
Fire koselege hytter midt i naturen – opne heile året. Vakn til fuglesong, fisk i vatnet og roa som berre finst på ein gard.
Hyttene våre
Klikk deg inn på ei hytte for fleire bilde, detaljar og ledige datoar.
Vår største hytte – god plass til familien eller vennegjengen. Fullt utstyrt kjøkken, stove med TV og internett, og terrasse med utemøblar.
Pris på førespurnad
Sjå hytta
Romsleg hytte med fire soverom og alt du treng. Fullt utstyrt kjøkken, stove med TV og internett, og terrasse med utemøblar.
Pris på førespurnad
Sjå hytta
Lun hytte med open løysing for to. Dobbeltseng, eige bad med dusj/wc og liten kjøkkenkrok – sofa, lenestol, spiseplass og terrasse.
Pris på førespurnad
Sjå hytta
Lun hytte med open løysing for to. Dobbeltseng, eige bad med dusj/wc, kjøkkenkrok og eigen terrasse med utemøblar.
Pris på førespurnad
Sjå hyttaFelles for alle hyttene
Praktisk informasjon som gjeld for alle overnattingane våre.
Innsjekk frå kl. 15.00 og utsjekk innan kl. 12.00 – då kan neste gjest kome same dag som førre reiser.
Hyttene er opne året rundt – frå lyse sommarkveldar til snø og bål om vinteren.
Dyner og puter følgjer med. Ta med eige sengetøy og handkle, eller leig av oss – vi kan òg ha sengene ferdig oppreidde når de kjem.
Soveposar er ikkje tillatne i hyttene våre. Bruk sengetøy – ta med eige eller leig av oss.
Bestill utvask når du bookar, eller vask hytta sjølv før avreise. Med utvask skal hytta likevel vere rydda for søppel og matrestar, og oppvasken skal vere teken.
Hund og andre dyr er ikkje tillatne i hyttene.
Hytte 1 og 2 har fullt kjøkken med oppvaskmaskin, TV og internett.
Fiske, gapahuk og bålplass, og fine turmål rett utanfor døra.
Book opphald
Vel hytta du ønskjer, sjå ledige datoar i kalenderen og send ein uforpliktande førespurnad. Lurer du på noko, ring oss gjerne.