Nytt frå garden

Årets pinnekjøt og fenalår

Pinnekjøt og fenalår frå eigne lam av jernaldersau – pakka i papir, heilt utan plast.

Bilete: Årets pinnekjøt og fenalår

Søya kan også i år tilby pinnekjøt og fenalår frå våre eigne lam av jernaldersau.

Alt tørka kjøt blir pakka i papir – ingen plast – og i posane med pinnekjøt fordeler vi pinnar, bog og sadel. Saftig og smakfullt kjøt til jul. Fenalåret plukkar du ut sjølv.

Besøk Søya før jul og kjenn dei gode duftene frå pinnekjøtet. Send ein SMS til 95 81 23 25 om du er interessert.

← Alle artiklar